Gjæringskvaliteten i surfôret – kva fortel fôrprøvene
Det er mykje som skjer etter at graset er slått og til det er klart for servering som ferdig konservert gras. Har ein bomma på ensileringa vil det hjelpe lite om både protein og fordøyelegheita er god.
.jpg)
Ta hensyn til tørrstoffet ved val av ensileringsmiddel. Ved lågt tørrstoff er det lett å komme for høgt i syrer og ammoniakk.
Foto: Rasmus Lang-Ree
Målet med konserveringa er å oppnå ein lagringsstabilt fôr og ta vare på mest mogleg av næringsstoffa i plantene. Fôret blir stabilt når vi har senka pH, hindra lufttilgang og unngår oppblomstring av uønska mikroorganismer. Konserveringsprosessen kan gjerast både med og utan bruk av ensileringsmiddel, og det er fordelar og ulemper med dei fleste. Kostnad og slitasje på utstyr blir brukt som argument for ikkje å bruke ensileringsmiddel eller for val av type. Bruk av ensileringsmiddel vil samtidig redusere risikoen for eit dårleg resultat, spesielt under ugunstige hausteforhold.
Frå gras til ensilert fôr
Overgangen frå gras til ensilert fôr endrar eigenskapane til fôret sjølv om ensileringsprosessen er vellykka. Det er særleg protein, sukker og gjæringsprodukt som syrer og ammoniakk som blir endra, men dersom gjæringsprosessen går heilt feil kan det gi utslag i både tap av tørrstoff, redusert fordøyelegheit og mindre fiber (NDF) og protein, og redusert fôropptak. I ensileringsprosessen ønskar vi produksjon av mjølkesyre for å få ned pH og gjere massen stabil. I tillegg er det bra med sukker for det gir god smak på fôret og rask energi for vommikrobane. Sidan bakteriar i graset brukar sukker for å danne mjølkesyre så vil ein balanse mellom sukker og mjølkesyre vere viktig. Dersom ein tilset syrehalding ensileringsmiddel vil prosessen gå fort og effektivt, og det sparer sukkeret. Det er derfor ein måte å redusere risikoen for feilgjæring på.
Fôranalysene gir informasjon
I grovfôrdatabasen til Tine (NorFor/FAS) er det samla resultat frå over 50 000 fôrprøver dei siste tre åra. Dei fleste oppgir informasjon om kva ensileringsmiddel som er tilsett, lagringsmåte (rundballar, plan -og tårnsilo), og kva slått det er. Formålet med denne artikkelen er å sjå om informasjonen frå fôranalysene kan sei oss noko om gjæringskvaliteten, og korleis ulike typar ensileringsmiddel påverkar resultata.
Tørrstoff er drivaren
Det er inga nyheit at det er tørrstoffet som er den store drivaren for innhald av gjæringsprodukt. Auka tørrstoffinnhald gir redusert innhald av syrer og ammoniakk og auka innhald av sukker. Det som er mest interessant er kvifor variasjonen er så stor på same tørrstoffnivå. Ved 30 prosent tørrstoff har vi fôrprøver frå 10 til 120 g mjølkesyre/kg tørrstoff og sukkeret kan variere frå 0 til 200 g/kg tørrstoff. Skilnadene kan ha med tørkehastigheit, grasart, ensileringsmiddel og innlegging-/pakking og samspel med andre næringsstoff.
Ta vare på sukkeret
Det er også god samanheng mellom sukker og mjølkesyre uavhengig av tørrstoffet, der auka syre vil gi redusert sukkerinnhald, og dette stemmer godt med at bakteriar brukar sukker for å produsere syre. Sukkerinnhaldet aukar generelt med auka utviklingsstadium og mykje sol før slått. Rask fortørking tar vare på sukkeret. Det som også kan vere verd å merke seg er at når råproteinet aukar går innhaldet av sukker ned. Sidan råprotein har ein sterk buffer-effekt bør ein bruke høgare dosering av ensileringsmiddel.
Løyseleg del av proteinet
Ved overgangen frå gras til ensilert fôr vil proteinet endre form frå ein låg andel av proteinet som er løyseleg i vatn (ca. 25 %) til høg andel løyseleg protein, ofte 50-65 % i ensilert fôr. Dette gjer at proteinet endrar eigenskapar mot meir rask omsetning via den løyselege delen og ein hurtig utvikling av ammoniakk. Høgare innhald av råprotein gir litt auke i løyseleg del, og det er den løyselege delen i proteinet som påverkar ammoniakkmengda. Sukker og løyseleg protein har negativ samanheng; altså når sukkerinnhald aukar så går innhaldet av løyseleg protein ned. Dette er gunstig fordi det vil gi ei betre synkronisering mellom lettløyseleg protein og sukker i vomma, og det er eit argument for å ta vare på sukkeret. Den løyselege delen med hurtig nedbryting krev god tilgang på raskt nedbrytbare karbohydrat for å få ei synkronisering som vommikrobane kan utnytte til å lage mikrobeprotein. Dette er viktig for å unngå tap i form av PBV. Slike karbohydrat kan vere sukker som er i graset eller stivelse frå kraftfôret. Norsk korn, til dømes bygg og havre, har hurtig nedbryting av stivelsen i vomma og passar godt når det er høg andel løyseleg protein i fôret.
Ensileringsmiddel
.png)
Figur 1. Gjennomsnittleg sukkerinnhald (g/kg tørrstoff) i surfôrprøver konservert med ulike typar ensileringsmiddel
.png)
Figur 2. Gjennomsnittleg innhald av løyseleg protein (g/kg råprotein) i surfôrprøver konservert med ulike typar ensileringsmiddel.
Ensileringsmidla er inndelt i type middel; uten tilsetning (altså ikke brukt ensileringsmiddel), syrebaserte middel, saltbaserte middel eller bakteriologiske preparat. Det er klare forskjellar mellom typane på både sukker, mjølkesyre, ammoniakk og løyseleg protein, men forskjellane er relativt små. Figur 1 viser sukkerinnhaldet i dei ulike ensileringstypane. Generelt har syrebaserte middel høgast sukker og lågast mjølkesyre og løyseleg protein. Sukkeret er lågast og mjølkesyre høgast i bakteriepreparata, og dette er heilt i tråd med slik bakteriepreparata verkar. Det må vere sukker i graset for at eit bakteriepreparat skal fungere godt. Prøver der det ikkje er brukt ensileringsmiddel kjem også godt ut med gjennomsnittsverdiar som ligg i mellomsjiktet (71 g/kg tørrstoff). Når det gjeld løyseleg protein (Figur 2) så viser det at bakteriepreparat ligg høgast og syrer lågast, men det er relativt liten forskjell. Ammoniakkverdiane i bakteriepreparata er derimot lågast, så det er positivt. Der det ikkje er brukt ensileringsmiddel er løyseleg protein midt i mellom, og det er på nivå med dei saltbaserte. Alle midla har også ein ytterskala som viser at gjæringa har slått feil, og det er ved låge tørrstoffnivå at faren er størst. Generelt har alle disse type midla fungert godt og mjølkesyre- og ammoniakkverdiane er under det som vil påverka fôropptaket negativt.
Les om daglig høsting av gras.
Få med deg dette om ensilering
Fôret blir aldri betre enn næringsinnhaldet ved hausting. Legg vekt på gode forhold for ensileringsprosessen så fôret ikkje blir forringa
Tørrstoffet er viktigaste faktoren for sentrale gjæringsprodukt i surfôret. Ta hensyn til tørrstoffet ved val av ensileringsmiddel. Ved lågt tørrstoff er det lett å komme for høgt i syrer og ammoniakk. Tilsetting av ensileringsmiddel kan vere ei forsikring.
Protein har buffereffekt, så viktig med tilstrekkeleg mengde ensileringsmiddel ved høgt proteininnhald
Andelen løyseleg protein aukar vesentleg frå gras til ensilert fôr, og også mellom ulike typar ensileringsmiddel. Ta fôranalyse og pass på at det er tilstrekkeleg sukker eller lett nedbrytbare karbohydrat i fôrrasjonen for at ikkje løyseleg protein skal gå tapt.